| 
  • If you are citizen of an European Union member nation, you may not use this service unless you are at least 16 years old.

  • Finally, you can manage your Google Docs, uploads, and email attachments (plus Dropbox and Slack files) in one convenient place. Claim a free account, and in less than 2 minutes, Dokkio (from the makers of PBworks) can automatically organize your content for you.

View
 

Flash Forward, SF

Page history last edited by PBworks 12 years, 4 months ago

Flash Forward 2008, San Francisco.

Kven reiste?

Hans Magnus Mikalsen Nedreberg fra DML-gruppen, USIT .

Flash Forward 2008 gjekk av stabelen 19. - 22. august på Nob Hill Masonc Center. Eg har tidlegare delteke på denne konferansen i regi av Lynda.com både i NYC (2005) og Seattle (2006). Konferansen er no inne i sitt niande år. Dette er første gang konferansen arrangerast av nye eigarar, Beau Amber frå Metalliq. Formatet på konferansen var drastisk endra i forhold til tidlegare år. Det var kun eitt track, noko som gjorde at ein kunne få med seg alle sesjonane sidan ingenting foregjekk samtidig. Dette var motteke med blanda reaksjonar, sidan der verken var noko for hard core utviklerar, eller designerar. Eller dersom der var det, måtte enkelte lide seg gjennom presentasjonar av diamentralt motsett interessefelt. For det går ikkje an å tenke utanfor sin eigen boks. At konferansen har Film Festival i tittelen stammer frå tidlege tider, da Flash hovedsakleg var eit animasjonsverktøy.

Passion

Hovudtemaet for konferansen var "Passion", og publikum virka ganske design-orientert. Det passa godt med det generelle presentasjonsinnhaldet, som ofte var retta meir mot inspirasjon og designfilosofi, enn konkrete Flash-teknikkar. For meg personleg var det ein tankevekkar at konferansen på mange måtar gjekk tilbake til det eksperimentelle 90-talet. Mange av oss som driv med Flash i dag har nesten gløymt kvifor vi eigentleg starta. Særleg dei som hoppa på motion-bølga på slutten av 90-talet. For oss var det ein lettelse å få presentert eit skift i miljøet. Vekta mot grafisk design, animasjon, lyd og sprell igjen. Etter at UI-komponentane vart bygd inn i Flash MX, har det på mange måtar vore ei grell tid med mykje likt, stygt og ikkje minst kjedeleg design. Boring apps ordering boring pizza. Det var ikkje difor vi starta i denne bransjen, det var fordi vi såg fete ting som rasa rundt på skjermen, blinka og lagde lydar som irriterte alle andre enn den som hadde laga svineriet. Å bli mint på at vi eigentleg er severely rude, vulgar and at best ostentatious ("characterized by or given to pretentious or conspicuous show in an attempt to impress others", or, "marked by or fond of conspicuous or vainglorious and sometimes pretentious display") var meget nødvendig og på høg tid. Død over datagrid-komponenten, motion-blur her kommer jeg!

Skildring av konferansen

Tirsdag

Etter registrering var det opning av galleriet der det var utstilling av Flash-generert prints (bl.a J. Davis, E. Natzke, og E. Jordan). Film Festival finalistane, som var representert i følgande kategoriar:

Application: Color Visualizor, Flash Filter Lab (vinner), Mightyverse, MLB.com Gameday, og myflip.

Cartoon/Story/Narrative: AMP X-Games, Bow Streen Runner (vinner), Dishoom 2008, Mentos KissCam, og Paper Shepherd.

Code: Away3D Flash engine, carlosulloa.com 1.0, In an ABSOLUT world (vinner), Launchball, og MovieMagic TextEffects.

Experimental/Art: ensemble (vinner), Foul Owl Karaoke,  Paper Critters, Pyrotechnics to the People, og Twittearth.

Game: Ethan Haas Was Right(vinner), Hot Air 2, RoboBrawl, tibao, og Twang! (vinner People Choice).

Motion Graphics: 30 Days of Night, Audi: Rythm of Lines (vinner), Dreft, Honda: 2008 Accord, og The Flagship Experience.

Navigation/Experience: Adobe Flash On, Established & Sons, Freikichliche, Heroes of HIV, og Spectra Visual Newsreader (vinner).

Sound: Auditool (vinner), Contrapunctus Variations, Emmanuel Rouzic, Keep on Wondering, og Showdown Interactive.

Typography: Festival Feta, Geert Delanghe, Hyundai: Think About It, Mutabor Design(vinner), og What Are You Wondering.

Video: Direct Daniella, Ecco World, Medici.tv, Stop Dieting Start Living (vinner), og World Press Photo Interviews

Galleriet innheldt også diverse interaktive installasjonar, samt nokre videoar fra prosjektet til Michael Kemper. Det var tid til ein prat med Michael, og eg skjønte at noko var på gang da han stilte meg veggs: Var eg J.Davis fan? HM, etter lang tenkepause: "Eh, perhaps his earlier works..." Lamslått! For eg hadde inbillt meg at etter at vi fekk GUI-komponentar og Flex, måtte vi vel nesten beggynne å digge tabellar, lister og grafar. Det tok tre dagar før det gjekk opp for meg at det sikkert er årevis sidan eg høglydt har spotta Jacob Nielsen. Ingen spunk, ingen punk. Innisvarte, på tide å skifte spor. J.Davis (saman med Yugo Nakamura, Tomato Interactive m.m) var hovedinspirasjon i årevis, og å la respekten for desse seile akterut på grunn av eit eller anna sensibilityvirus i Flashmiljøet, er å ikkje ta medisinen sin. Eg har ikkje tatt ostentatious-tran på alt for lenge, og no må eg krype til korset. J. Davis ruler, at han har begynt å selge designet sitt på sengetøy etc, får ein heller ta med ei oversized klype salt.

davis_print

Etter gallerirunden var det San Francisco Flash User Group møte på Hurrycane Bar (Tonga Room, Fairmont Hotel). Her traff eg folk fra ulike brukergrupper, og det vart utveksla nyttige erfaringar. Særleg angåande korleis skaffe midlar frå Adobe og finne gode kontaktpersonar, arrangering av events etc. FUNG arrangerer FlexCamp Norway/Oslo 18. oktober, så da har vi litt å bryne oss på.

Sessions

Onsdag

Keynote: Passion, Creativity and Professionalism

Miha Pogacnik, Cultural Ambassador of Slovenia, opna konferansen med upolert filolinspel. Med utgangspunkt i sin eigen kreative prosess samanlikna han barokkmusikk (her Bachsonate) med forretnings-strukturar/-kulturar, der tension-release var hovedaspekt.

Keith og Grant (Still) Love Flash

Dei siste åra har altså applikasjonsinterfacet, med typiske komponentar som liknar mykje på Windows OS, fått mesteparten av merksemda. Keith Peters og Grant Skinner som begge er solide utviklerar, viste her stor entusiasme ved den meir flashy sida av Flash. Særleg var Keith ærlig på punktet "Usability be damned, we're shooting for cool!". Det var dessuten Keith som sette standard for resten av konferansetemaet, ved å bytte "passion" med "ostentatious". Begge snakka om korleis dei tidleg var opptekne av Flash-eksperimentering, og korleis dette inspirerte vidare. Litt mykje prat kanskje, publikum ønskte fleire konkrete eksempel på teknikkar, sourcefiler, linkar etc. Grant viste nokre kule eksperiment relatert til swarming behavior. gSkinner gjer også litt Flash-arbeid som snart kjem på konsollspel (via ScaleForm-teknologi). Etter presentasjonane var det sofaprating på scena, med spørsmål fra konferanseleder og sal.

grant_flash

Lunchworkshops

Rob Bateman frå Away3D gav ein meget innhaldsrik presentasjon av Away3D (open source 3D motor for Flash), og Papervision fekk så hatten passa. Mest for å herme etter Away3D, og implementere funksjonalitet fra Away3D ca to mnd etter at Away3D lanserer sine rammeverk.

Så snakka Michael Kemper om sine erfaringar med guruar i bransjen. Han laga videointervju av ei rekke velrenomerte designerar, og vi fekk eit innblikk i fokus på, og forhold til, inspirasjon og "passion". Michael planlegg å vidareføre konseptet til å omfatte andre artistar, kokker etc.

The Rules of Graphic Design

David Carson viste arbeid som har vore til inspirasjon for underteikna i over 20 år (cover på Transworld Skateboarding frå 1985, ++) Mange morsomme og sterke deisign, samt sterke meldingar. Ting som vi eigentleg veit, men som vi alltid gløymer. Som t.d at dersom alle likar designet ditt, then you're playing too safe.

Bringing Voice and Messaging to Flash

Chuck Freedman fra Ribbit viste live telefoni og sms til og fra Flash, demonstrerte SDK og tok spørsmål fra salen. Interessant potensiale.

Dont Get Mad, Make a Video

Philip Kerman er ein annan old schooler, som for meg var svært hot på seint 90-tal. Eg har tidlegare oppfatta han som corporate guru, men her snakka han om korleis han lagar YoutTube rant videoane sine. Han framførte til og med ein snutt live. Vanvittig.

How Magic Works

Jamy Ian Swiss viste kort-triks for publikum, og drøfta nokre av teknikkane han bruker. Hovudpoenget var story telling, og å (mis)lede fokus dit ein ønsker.

>>Re:Discovery

Craig Swann viste ein seirie FAIL-bilder frå failblog.org som eg ikkje hadde sett før. Morsom presentasjon, men viste seg å føye seg inn i rekka av "acid trips = suksess" kampanjen som enkelte førte.

The Most Rewarding 8 to 12 Hours of my Life

Robert Hodgin snakka om, yess, syre og korleis four hits of acid endra oppleving av farge og lyd, og at det er noko alle burde sjekke ut, men som ingen for all del må prøve. Litt surrealistisk å høyre folk disse WinAmp visualizer fordi utviklerane antakelig ikkje var på syre da dei laga fargespektera. Robert viste ein del interessante visualiseringar, og framførte også eit nummer live (saman med ein Zoe Keating, cello). Han sa ikkje noko om kva teknolgi han brukte for å visualisere, men eg mistenker at vi snakker Processing.

See Sound, Sound Visualization in Nature and in Code

Jared Ficklin fra frog design, gjorde ein meget interessant presentasjon av lyd og visualisering. Dette begrensa seg ikkje kun til datamaskiner, han viste også ein del fysiske visualiseringar som t.d ei brennande Rubens Tube. Jared har ein svært underholdande presentasjonsstil.

Evening Event

Bowling-, skøyte-, og karusell-party på Yerba Buena Center for the Arts. Eg trudde eg var dårligare i bowling enn som så! Slo til og med ein fra Arizona, som minner mistenkelig om Knut (med lausskjegg) da han var i Vegas:

knut

Torsdag

Adobe Keynote

Mike Downey snakka om Flash Player, Flash Lite og AIR (browser, mobil og destop).

Lee Brimelow viste nye eigenskapar i Flash Player 10. Han hadde forøvrig vakna med alle kleda på, og viste stolt fram at han gjekk med nye sko: bowlingskoa frå gårsdagen...

Richard Galvan viste smakebitar fra Flash CS4. Under er det bilde av keyframe features og bones. Bye bye shape tween!

Online Entertainment at Disney.com

Neil Ishibashi gjekk igjennom nye aspekt ved Disney.com, og snakka om designtilnærminga til siten. Var viktig å gjennomføre visjonane til Walt, også på web.

Build to Think: Design Thinking and The Value of Prototyping

Danny Stillon fra IDEO diskuterte prototyping, og fokuserte på å alltid ha live demoar tilgjengelig for kundar.

Lunchworkshops

Først ut var Paul Ortchanian fra Blast Radius (personlig blogg Reflektions.com) som demonstrerte matematiske eksperiment og teknikkar i Flash, og korleis han tilnermar seg dette ved å bruke algoritmar fra WikiPedia. Mange AS2 tweaks, ingen rammeverk, ikkje Papervision, enkelt og greit. Lagde 3D karusell i 2006, mykje etter mal fra Andries Odendaal sine eksperiment rundt 2000. Men her vidareført til Flash av i dag.

Så viste Chuck Freedman Ribbit igjen, her i dialog med publikum. Ribbit søtta da kun engelsk og spansk.

Let's fix this

For dei som ikkje kjenner til Tinic Uro, han er ein av mastermindsa bak Flash Player. Bloggen hans er eit must for alle som utvikler Flash, sidan den er smekkfull av inside information direkte fra Flash-teamet. Tinic fiksa ein Flash Player 10 bug av Pixel Bender live on stage. Det var sinnsjukt fett og geekete på same tid. Han started i Visual Studio og viste C++ kildekode for Flash Player 10. Dette var veldig stas for alle utviklarane blant publikum, men det kulaste var å sjå kor kult dei syntes det var. Så viste han Flash Player 10 på FreeBSD, og til slutt BuzzWord 64-bits Linux! Etter showet svarte han på spørsmål frå salen, men forsmedelig nok ville han ikkje røpe noko om når Flash Player kjem på iPhone.

tinic_uro

Odd Todd's Educational Doodling

Todd Rosenberg gjekk igjennom si historie som Flashanimatør. Frå dei første skissene, via "Laid-Off: A Day in the Life" til dagens freelanceoppdrag for ABC News og America's Test Kitchens på PBS. Bruk av denne typen virkemiddel må visst til for at enkelte skal gidde å zappe over fra Oprah til faktaprogram.

Education in the Internet Age

Lynda Weinman snakka om diverse problem ved utdanningssystemet i det stadig aukande teknosentriske samfunnet bort i Amerika. Denne presentasjonen gjekk på digital natives for harde livet, og learning will never be the same, bla bla bla. Men ho har mange gode vidoar på siten sin, det skal ho ha.

Beyond the Knowledge: The Art of Play

Eg har sett Erik gjere denne presentasjonen mange ganger, i alle fall om dette temaet. Men denne gangen hadde kan kome eit langt stykke vidare. Han hadde også kutta det litt oppbrukte screenshotet av keyframeskogen fra dei første Flashfilene sine, eit poeng som sikkert publikum også var ferdig med. Natzke har alltid vore ein inspirasjon, og han har stadig utvikla seg. Denne sesjonen fokuserte på forskjellige teknikkar han bruker for å generere computational art. Presentasjonane hans er alltid ein fornøyelse, særleg måten han kombinerer musikk og grafikk. Men rosina er at han gir ut full kildekode for heile presentasjonen! Dette var eit stor pluss sidan det kanskje mangla litt på kodesida på denne konferansen. Uansett, fantasktisk bra!

eric

Evening Events

Get a Job Event, denne skippa eg. Først og fremst sidan eg har verdens beste jobb på USIT, men også fordi sist gang (Seattle 06) vart eg besudla av ei bærte som skulle headhunte for WallMart :/

Film Festival Awards Ceremony, her var det både venta og uventa vinnerar. Men tendensen til at større aktørar melder seg på er aukande, og innhaldet har ikke same feel som før. Før var det mindre, kulare og meir uberegnelig onemanpieces, no er det team på 10 fra t.d Honda som melder seg på. Flash Forward i Seattle hadde dessutan Mrs Washington som prisutdelar, SF hadde berre fått tak i den ukjente søstera til Mrs Alaska...

Flashforward Film Festival After Party

Ruby Skye var litt oppskrytt, men hadde veldig åpen bar for dei som hadde Premium festivalpass. Lyrics Born og DJ Soloman laga bra show, men Flash Forward i NYC 2005 hadde Sean Paul, så dett.

party

Etter festen konsumerte eg ein vanvittig stor sjololademilkshake.

Fredag

Narrative and Simplicity - RTFM

Hoss Gifford snakka om korleis forenkla og forenkla GUI, "in the battle agains ugliness", kan føre til ei ny tolking av RTFM: replace the f* manual.

Brilliant Ideas that I've Blatantly Stolen

Branden Hall oppfordra til å utforske andre områder enn vårt eige domene, slik vår forfedre gjorde i kolonitida. Vi må studere andre rammeverk, oppdage edelsteinane, og ta med desse heim. Slik fekk ein t.d Flex bygd på Eclipse. Altså, ver nyskjerrig, og stel alt du kan.

The Make Up of Exceptional Brand Experiences

Ivan Todorov

Finally Code with Confidence

Luke Bayes delte erfaringar og best practices for utvikling små miljø med tette deadlines. Fokuset var retta mot artikulert kode, som gir enklare debugging, samtidig som det blir lettare å vidareføre for andre.

Lunchworkshops

Luke fortsette fra forrige session med "Coding with Confidence through Test-Driven development", saman med AsUnit (open source unit test rammeverk for FP 6-9).

Etter at publikum omsider gav slepp på Luke, var det Ivan Todorov frå BLITZ sin tur. Temaet var prinsipp bak branding (lure folk til å kjøpe stash dei ikkje treng),  og mantraet var "engage, excite, inform, and entertain".

Experiment, Let it speak for itself

Paul Ortchanian anbefalte å sette seg små daglege mål (type J.Davis 1998), og slik gjere små ekperiment for å lettare forstå dei store samanhengane. Mitt mål skal vere å gjere ein Lyndavideo om dagen!

Relationship as Foundation

Karen Kimsey-House fra CTI snakka om mellommenneskelege forhold, og korleis det er viktig å vere seg sjølv. Poenget hennar var vel at uten menneskene blir alle apps verdilause. Vidare var det viktig å lytte til kvarandre, og kjenne på magefølelsen. Salen vrei seg i stolen.

Project Management from the Developer's Perspective

Stacey Mulcahy - BitchWhoCodes delte tankar om prosjektledelse frå eit utviklar-perspektiv. Mange morsomme slides, bra timing og ein del nyttige meldingar. Særleg korleis dårlig planlegging på prosjektsida gir mindre tid på utviklersida.

Comics: A Medium in Transition

Scott McCloud snakka om amerikansk comics på nett. Ein slags mellomting mellom tegnefilm og tegneserie på papir. Det vart muligens litt i medievitenskapligaste laget for dette publikum. Ein refererer ikkje til McLuhan på rockekonsert, og ein problematiserer ikkje for lenge rundet fenomenet "skjerm".

Tech Talk Slam

Siste sesjon på programmet var 20 2-minutt taler, der altså 20 forskjellige designerar ytra seg kort om ei sak dei brenn for. Den einaste som vart ropt tilbake for ekstranummer var denne karen her.

Konklusjon

For mange uFlashe presentasjonar

Som oftast kan ein sette pris på konferansar som har eit par sessions som er designa med tanke på kun å inspirere publikum. Men da treff dei som regel spikeren på hovudet, og serverer gullkorn. Men her blei det litt mykje, særleg sidan det var single-track format på konferansen. Alt dette hadde passa inn under eit "Inspire track", men eg snakka med alt for mange som sa at dei kom for å lære om Flash, og at dett vart for mykje prat. På den andre side, det er viktig å ta eit steg tilbake, hoppe av hamsterwheelet og stikke hovudet i sanden. Ellers kjem ein aldri opp med gode konsept, idear eller løysingar.

Denne konferansen var ein tankevekkar. Kvifor gjer eg det eg gjer, og korleis hamna eg her? Kvifor har eg gått i 4 år og innbilt meg at eg kan utstå datagrid-komponenten, eller dei andre GUI-komponentane Flash har servert i det siste? 5 years in denial! Det var bra å bli mint på kvifor eg starta med multimedia i det heile tatt. For det hadde eg sanneleg svelgt unna saman med diverse andre kamelar. Ståande applaus til Beau for å prøve å tvinge eit skift i Flash-miljøet. At folk var skuffa over å måtte høyre på anna enn primærinteressene sine er forståeleg. Ein kan ikkje vente å tilfredsstille både designerar og utviklerar ved å køyre single track. Folk forventar å kunne plukke sessions i sitt eige interessefelt, og helst fra meir enn to tracks. Mange klaga også på for lite tid til å gå djupt i materien, ettersom presentasjonane ofte ikkje var meir enn 20 minutt. Noko anna som trakk ned er at konferansen arrangerete workshops i lunchpausen, i eit lite rom i kjellaren. Eg sat på golvet langs veggen kvar gang, og undra kvifor det ikkje foregikk i det store auditoriet der alt anna skjedde.

Men tross alt synes eg at den nye Flash Forward klarte seg bra, skjønt litt trang fødsel. Etter å ha snakka med nokre av arrangørane, og høyrt på anna feedback, trur eg at komande Flash Forward har potensiale til å uvikle seg til noko større og rikare enn vi tidlegare har sett.

Comments (0)

You don't have permission to comment on this page.